VIKING_DEATH_TRAP.EXE

VIKING_DEATH_TRAP.EXE !!!
Velkommen skal dere være til HUSET 24. MARS!
🚫 OBSOBS: Dette blir heftig 🚫
🔞 Aldersgrense 18+

Billetter: https://tikkio.com/tickets/36700-viking-death-trapexe?fbclid=IwAR3GGaRrw1DTLiOucGVhLIShAPNpTTXtcTxyeGcSNdINqtEHWtMOAVVR37U

Valdsam og frigjørande galskap frå MoldeVIKING_DEATH_TRAP.EXE er eit veksande og mildt sagt enigmatisk undergrunnsfenomen frå Molde: det er ekstrem-trap på romsdalsk med eit lydbilete, tekstunivers og liveshow utan sidestykke her til lands.Med eigenprodusert AV-kunst som bakteppe, live BDSM-show og ein intensitet som går sortmetallen ein god gang er VIKING_DEATH_TRAP.EXE ei ‘in your face’ konsertoppleving du seint vil gløyme. Den maskerte trapduoen har ein ekstremt lojal og ivrig tilhøyrarskare,
og konsertane er kjende for å være ein lang, konstant moshpit. Ofte med frontfiguren EGO_JESUS skrikande midt i malstrømmen av elleville konsertgjengarar.Etter ein ellevill konsertperiode med fleire utsolgte konsertar i både Oslo, Trondheim og Tromsø eksisterar det liten tvil om at VIKING_DEATH_TRAP.EXE har sementert seg som ein av dei verkeleg spanande live-actsa her til lands. Gruppa har varsla om nytt materiale og slapp nyleg singelen SNORTHUG, ein vaskeekte partybanger som har tonesatt forventningane.
I 2023 blir der garantert MEIR_MOLDE_I_MONITOR!